Danse staur, danse staur

23. oktober 2021
14:00
OSLO
Riksscenen
https://www.ticketmaster.no/event/664125

To menn og to kvinner dansar og leikar i Kartellet sitt univers. Eit univers av rå, folkeleg kraft, kombinert med tøvete leik og uventa kombinasjonar. Publikum sit midt i opplevinga og får kjenne rytmikk, musikk og rørsle tett på kroppen. Kartellet har for første gong også kvinnelege dansarar med i ei framsyning, og gler seg veldig til å vise korleis dette gjev nye assosiasjonar og tolkingar til den inkluderande og danseriske verda deira.

Å danse staur eller å staure er eit nordnorsk uttrykk for å danse med nokon av same kjønn. Dette var vanleg mellom anna under Lofotfisket der menn dansa med menn på lik linje med å spele kort, slåss og synge. Å danse staur vart på same måte brukt når kvinner dansa saman.

Kvinner dansar med kvinner og menn dansar med menn. Tenk om dette var regelen, på lik linje med at kvinner dusjar saman og at menn dusjar saman.

Intimsoner mellom menneske er i stadig forandring, og når kan to av same kjønn leike?

Vi syns vaksne skal leike.

Danse staur, Danse staur er produsert av Førdefestivalen, og støtta av Fritt Ord, FFUK og Folkemusikk Nord.

Koreografi: Kartellet

Tone Ingvaldsen – dans

Inge Martin Helgesen – dans

Sigurd Johan Heide – dans

Dina Bruun Arnesen – dans

Nina Fjeldet – fele

Mariann Torset – DX7

Marita Solhjell Ølander – kostymer